- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Seksogtyvende aargang. 1915 /
624

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation. II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Arne Garborg.
Varme og Liv, so han fær Borni med; livande Bilæte maa dei
faa gjenom den religionshistoriske Framstellingi, fyrst og fremst
av den evangeliske Hovudpersonen Jesus. Av honom gjev
Læraren det Bilæte han sjølv hev vunne seg fram til; um
det høver eller ikkje høver med kyrkjelege Læresetningar
vert i Barneskulen det same; der gjeld det aa faa fram
den Barne- og Menneskjevénen som liver i Evangelie.
Læraren skal ikkje vera Prest o : ikkje setja upp Trudoms
setningar. Men Uppfostrar skal han vera ; og liksom Historie
læraren maa kunne faa Næmingarne med i Samhug og Varm
hug for dei Førarnaturarne som han skildrar, soleis gjeld det
for Religionslæraren aa kveikje deim upp for religiøse Fyre
gangsmenn, serleg for den store Føraren og Byggmeisteren
fraa Nasaret.
Dei bibelske Sogebøkerne er, som all gamal Historie
skriving, ymist uppblanda med Folkedikting: Segner av ymist
Slag; og god Folkedikting er nettupp Barnelesnad. Men med
dei bibelske og serleg nytestamentlege Segnerne er der ein
Vanske: Borni vil oftast vera uppvaksne i den Trui at dei
ikkje er Segner: at dei er Historie. Og Bibelkritik er noko
som lite høver for Barnealderen. Samskulen gjeng daa ein
Umveg: byrjar med Segner som ikkje er komne inn under
religiøs Förfalskning. Der er paa Svensk ei Samling «Kristus
legender», fortalde ved Selma Lagerlöf; den vert her til god
Hjelp. Gjenom den lærer Borni «älska sådana berättelser,
fastän inga ord behövts för att förklara för dem att det är
sagor*. Sidan hev dei «lätt att lära sig på samma kärleks
fulla sätt se på de legender som möta oss i nya testamentet, och
de få intresse att veta något om den människa, omkring hvil
ken all denna vackra digtning spunnits». Og Sogur som dei
um Jesu Fødsle og Himmelferd vert fagre og rikt symbolske,
nåar dei vert tekne for det dei er; men vil ein gjera deim
til Historie, kverv Innhalde burt for Undring yvi det for
underlege: for Spursmaal som det, «hvart den uppfarne tok
vägen sedan han uppfarit i skyn»; lenger vil Barnetanken
sjeldan koma.
Av dei fyrr nemnde bibelhistoriske Lese- og Repetisjons
bøkerne der sjølve den bibelske Teksten er nytta ser
me, korleis Smaa- og Millomklassurne paa historisk Veg vert
førde inn i den israelitiske Trui og sidan etter den kritisk
624

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:43:03 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1915/0634.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free