Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Til minne om den amerikanske revolusjonen.
store gjenombrote står Amerika og Noreg på ei line; men
berre amerikanane vedkjenner seg at dei gjorde revolusjon,
v i dekker yver det som skulde gje folke vårt ein ære
krans i historia.
I staden køyrer vi upp med juss, og freistar prove at
det er juridisk rett alt det vi har gjort, endå når vi har reist oss
imot gamle herrar eller giort upprør imot gamal rett. Men
jussen har ikkje noko upprør i seg, og juristen går ikkje
med sprengstoff i lumma. Jussen bygger på dei lovene som
gjeld; difor blir han konservativ, han held med det gamle,
det som har makt. Men det store i historia, det er å bygge
ny rett, ikkje berre tukle med å tolke og forsvare det gamle.
Og då kjem ein ingen veg med juss.
Berre ein gong i historia har det hendt at det levde ein
juss som hadde i seg det store ideale at han vilde bygge ny rett.
Det var den tid juristane dyrka det som dei kalla natur-rett.
Det er ein juss som sidan har vorte nedsédd og vanvyrd; juristane
i vår tid har ført beint fram krig imot han, utrydjings-krig,
og i lærebøkerne våre har han mest vore nemnd med flir
og geip. Det er som med rasjonalismenn, den religionsforma
som høyrer til same tida og har same ånda i seg, kvar ein
dogmetræl i ettertida har tykt han hadde rett til å spotte
rasjonalismen, som um det skulde vere noko so reint løg
leg meiningslaust å vilje nytte vanleg folkevett på religio
nen eller freiste gjere kristendomen meir menneskeleg. Og
sjølvsagt kann vi no finne mykje ufullkome både i natur
retts-jussen og i den rasjonalistiske teologien. Det som no
mest støyter oss ifrå, det er den skorten på vitskapleg ånd,
på historisk forståing, som vi møter der. Men vi burde då
syne meir historisk forståing, jamvel for denne uhistoriske
ætta. Og den viljen ho åtte til å vinne fram til noko vetugt,
den lyt vi godkjenne og lovprise utan atterhald.
Dei gamle juristane kunde nok tale og skrive som um
naturretten skulde vere noko som fans ifrå verdsens skaping,
innstifta av Gud. Men det som dei meinte, det var det rett
ferdsideale dei sjølve hadde i seg, dei rettskrava som etter
kvart hadde vakse seg levande i menneskesjelene. Natur
retten, det var retten slik som han burde vere, ikkje dei
lovene som galdt, men dei nye lovene som folk burde
597
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>