- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Syvogtredivte aargang. 1926 /
599

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Til minne um den amerikanske revolusjonen.
Thomas Jefferson som skreiv program me for den ame
rikanske revolusjonen.
Men det er no ikkje alltid det største i denne verda å
ha originale, nye tankar. Historiegranskarane har jamt
lagt mykje arbeid på å finne fyrste upphavsmannen til dei
nye tankane som frå tid til tid stig fram mellom menneska
og nar dei so kann vise at ein statsmann som har vorte’
hovdingen for ei stor folkereising, ikkje har funne på tan
kane sine sjølv, men har lært dei hos andre, då tykkjer dei
gjerne han har vorte ein mykje mindre mann han
vanta «originalitet». Det er no likevel ikkje sagt at det all
tid er so .vand ei kunst å finne på nye tankar; ein kann
sitte pa kammerse sitt og fantasere um mangslags nye sam
funds-skipnader, og det har i røynda ingen ting å segje for
menneskelive. Men å føre nye tankar ut i live, sette dei um
i gjerning, det krev mindre uppfmnings-evne, men so mykje
meir av manns-vilje og dådskraft, og det er dei maktene
som mest av alle skaper um verda, gjer sjølve live nytt
Dei som går fyre med gjerning, er so-menn vel verde å
bh rekna for store menner.
Og amerikanane i 1776 førde i sanning fram noko nytt
I den lange kunngjeringa si frå 4de juli gjev dei ikkje berre
rettstankane sine reint ålment, men dessutan reknar dei upp
alle dei klagemåla dei meinte seg ha imot den engelske styr
inga. For so vidt finn vi her i merkeleg samansetning det
som sidan vart serleg fransk - prinsipp-tenkninga - og serleg
engelsk - dei reint praktiske umsyna-; amerikanane har
halde pa bade det eine og det andre. Men når vi so les
heile den lange rekka med klagepostar, då slær det oss at
alt det som her blir ført fram til rettsgrunn for upprør, det
var slett ikkje nye yvergrep imot amerikansk rett, men tvert
imot gamal styringsskikk i fullt medhald av lovene Det
er dette som gjev det fullgode prove for at amerikanane i
sanning g,orde revolusjon, - at det var ein ny rett dei
bygde for stats- og samfundsliv.
Dei amerikanske upprørsmennene kunde nytte vanleg
juridisk lovtolking, dei og. Dei hadde ein post i klage-rekka
si der dei sa at den engelske kongen hadde avsett seg sjølv
fra styringa i Amerika med di at han hadde brukt makt imot
599

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1926/0607.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free