Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Til minne um den amerikanske revolusjonen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
41 - Samtiden. 1926.
Til minne um den amerikanske revolusjonen.
inderleg i hop i det reisings-ideale som kveikte brennhug og
stridsvilje i folke. Og alt dette hadde den fyrste store sigeren
sin i den amerikanske revolusjonen.
Det er vel verdt å slå fast at det var ein ny nasjon
som reiste seg i Amerika for 150 år sidan. Det er ikkje alle
som hugsar på at denne amerikanske reisinga høyrer med i
den store nasjonale rørsla som gjekk yver Europa i 19de
hundreåre, ja at ho i røynda gjekk i brodden for den. Men
dette er då den historiske sanninga. Ein kjem ikkje på
det for di den unge amerikanske nasjonen ikkje hadde slike
kjennemerke som romantikken sidan har lært oss til å rekne
for dei fremste nasjonale, serleg ikkje eit serskilt mål. Men
det er ikkje måle som skaper nasjonen, det er historia,
heile den skatten av åndelege erveminne og det styrkebelte
av levande institusjonar som fester samkjensla i folke. Og
slik ei historie hadde alt det amerikanske folke, endå ikkje
fullt ferdig, endå med mange brester, men likevel sterk nok
til å gjere det til ein nasjon. Det var då og programme for
all nasjonal sjølvstende-reising som vart forkynt i fyrste set
ninga av kunngjeringa frå 4de juli 1776, der det er sagt at
sjølve dei guddomlege naturlovene gjev nasjonen rett til ser
skilt og jamstelt rom mellom maktene på jorda.
Og dette nasjonale sjølvstende-krave er med det same
bunde fast i hop med tanken um folkestyre, so fast so
frå denne stunda var dei to tankane uløyseleg samfest i den
eine: folke-suvereniteten, Grunnkrave er einfelt nok: folke
skal rå seg sjølv. Det var nett difor det amerikanske folke
reiste seg imot den engelske styringa, for di det ikkje fekk
rå seg sjølv. I den naturrettlege teorien forma tanken seg
slik (eg kann nytte sjølve orda i den amerikanske sjølvstende
kunngjeringa) at folka har sett regjering yver seg til trygd
for fridomen og velferda si, og når regjeringa blir til skade
for desse formåla, so har folke rett — ja skyldnad til å sette
ho av og skipe seg ei ny styring. Dette var læra um den
uavhendelege folke-suvereniteten, um herre-retten som folke
nok for ei stund kann late frå seg, men som det alltid kann
ta att. Det ligg i dagen at denne læra av seg sjølv kann bli
grunnlag både for nasjonal reising imot framandvelde og
for folke-upprør imot valdsstyre. Og det ser vi at ho vart,
601
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>