- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
120

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Koht.
som syner seg i so hardhendt ei form. Og likevel er det
vanskeleg å perse den dansk-norske uppgjerds-avtala inn i
den folkerettlege råma som på den måten blir laga til for ho.
Ho høver slett ikkje inn; ein er nøydd til å kappe av hopa
alle kantar, skjere burt viktige fakta, ja dei viktigaste av alle,
um ein vil få ho til å krype inn i råma. For den turre
sanninga er at på kvart einaste steg i forhandlingane, frå
upptake og til slutten, vart ho driven som ei reint norsk
sak. Og det duger ikkje å sette upp ei rettslære som ikkje
svarar med fakta. Då blir det heile berre ein fiksjon. Vi
er nøydde til å bøygje oss for den sanninga at det var
Noreg, dei norske statsmaktene, som gjorde avtala med
Danmark i 1819.
Men dermed er slett ikkje heile rettsgrunnlage for avtala
gjeve. Noreg kunde so mykje det vilde forkynne at det
ingen ting vilde ha med Kiel-traktaten å gjere, Danmark
bygde likevel rettskrave sitt på denne traktaten, og stormaktene
studde det på same grunnlage. Endå står spursmåle tilbake,
um ikkje avtala i 1819 i røynda var ei godkjenning for Kiel
traktaten.
I samtida stod meiningane bratt imot einannan; ein part
svara ja, ein annan part nei. Det kunde synes som um ein
her var nøydd til å velje den eine eller den andre syns
måten. Men saka er i røynda ikkje so einfelt. Går ein til
bake til sjølve forhandlingane, og tek sjølve aktstykka fyre
seg, so skal ein finne at dei fører fram til ei heilt ny tolking,
til ein synsmåte som ikkje gjev nokon av partane rett. Det
er dette eg her vil freiste ettervise. Og eg treng ikkje
då lage meg upp noko slag folkerettleg teori; eg kann la
fakta tale *.
Det er klårt nok kva for eit standpunkt Noreg straks
frå fyrste stund sette seg på: det vilde ikkje bøygje seg for
Kiel-traktaten. Men Stortinge i 1814 gav likevel kongen full
makt til å tinge med Danmark um ei uppgjerd for penge
mellomvere, land-umråde og arkivsaker 2. Det kann vere
uvisst um Stortinge her heldt seg til den læra som elles
1 Eg viser til Iste hefte av dei «Aktstykke frå uppgjerda millom Noreg
og Danmark etter 1814» som eg gav ut i 1925. Attåt nyttar eg uprenta akt
stykke ifrå det danske Riksarkive.
2 Nemnde skrift, s. 19, 21—22.
120

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free