Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Rettsgrunnlage for uppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815—1819
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Aktstykke, s. 68—69.
2 S. 70.
3 S. 73—74.
4 Uprenta uppskrift av Rosenkrantz 7de juli 1815.
0 Aktstykke, s. 78.
oppgjerda um den dansk-norske statsgjelda 1815 —1819.
dei spursmåla som var nemnde i Kiel-traktaten, skulde bli
avgjorde etter den \ Dei norske utsendingane vilde ikkje ta
imot dette tilbode; dei vilde ikkje i noko stykke binde seg
til Kiel-traktaten, dei vilde forhandle på fritt grunnlag 2.
Dei fekk ikkje fullgod hjelp i denne striden av utanriks
ministeren i Stockholm, greiv Engeström. Det viktigaste for
han synes ha vore å halde Sverike utanfor so langt som råd
var, og han brydde seg lite med å sette seg skikkeleg inn i
alle dei spursmåla som kom upp i uppgjerds-forhandlingane,
gong på gong klaga han seg for kor flokut saka var. Det
vart difor uklårt og uheilt, det svare han gav order um til
å senda Bosenkrantz 8.
Men Bosenkrantz skjønte det var uråd å få forhand
lingane i gang, minder han tøygde seg endå meir. For
mannen for dei norske umbodsmennene, statsråd Løven
skiold, sa til han at han heldt seg til den upphavlege in
struksen sin, um å bryte forhandlingane so fort det vart tale
um å gjere Kiel-traktaten til grunnlag 4. Og månadsdagen
etter den fyrste danske fullmakta var utferda, 12te juli 1815,
fekk dei danske umbodsmennene ei ny fullmakt som vida
ut den gamle, soleis at dei skulde tinge um ei avtale med
dei norske utsendingane «angaaende alle Forslag, som disse
kunne have at frembringe, og som kunne hidrøre fra det
nu ophævede Forhold mellem Danmark og Norge» 5.
Det var ein siger for det norske og svenske standpunkte,
vel å merke: for so vidt som dei norske forhandlarane
no slapp for å godkjenne Kiel-traktaten. Men det vilde vere
urett å segje at dermed hadde Danmark uppgjeve det retts
grunnlage det meinte seg ha i same traktaten. Det skulde
fort bli klårt at so ikkje var tilfelle. Då umbodsmennene
frå båe sidene møttes på nytt (19de juli), sa dei norske ifrå
«at Underhandlingens Aabning fra deres Side ingenlunde
maatte antages som Beviis for, at de have vedtaget nogen
somhelst, i de danske Commissariers Fuldmagter nævnt eller
unævnt, Basis for Gjenstandenes Afgjørelse». Og dei danske
umbodsmennene svara med ei fråsegn um «at Underhand-
123
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>