- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
213

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KATOLICISME OG MODERNE
MENNESKE
Høver katolicismen for moderne menneske? Det er mange,
kann henda serleg her i landet, som vilde taka eit slikt
spursmaal ille upp, som ei duld spott, so framt dei i det
heile trudde det var aalvorleg meint. Det vilde fara igjenom
deim som ein støkk: Kva tenkjer han um meg? Meiner
han eg hev mist mesteparten av vit og umtanke?
Men like visst er det at sume vilde taka det reint onnor
leis. Dei vilde svara paa ein maate som gav tydeleg til kjen
nes at hjarta bivra og brann framfor dette spursmaalet som
elden paa aaren ei stormnatt. Og det er ikkje so, at slike
menneske i nokon maate treng vera atterliggjarar. Dei kann
ha levt so sterkt og so rikt med i si tid som raad er.
Det vert daa gjerne sagt til trøyst og hugging for andre,
at det er trøytte menneske som søkjer livd i fanget til
Moderkyrkja. Og det baade høver og ikkje. Det er ikkje
minste merke paa at den namngjetne engelske presten Hugh
Benson, son til erkebiskopen av Canterbury, var ein trøytt
mann, eller at Sigrid Undset er utmødd og trøytt. Det er
reint tvert imot. Dei hev baae vist ei uvanleg livskraft. Men
i alt aalvor: Er det nokon grunn til trygg protestantisk fred,
at Moderkyrkja hev ei forunderleg dragande makt for deim
som er trøytte av tunge byrdor? Var det ikkje sameleis med
Herren sjølv? Han minner nm det og segjer: «Kom til
meg, alle de som slit og hev tungt aa bera! Hjaa meg skal
de faa kvila dykk ut.»
15 Samtiden. 1927.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0221.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free