- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
216

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - I - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lars Eskeland.
maa røynast. Men aldri hev eg høyrt gjete ein konvertitt
som var i tvil um svaret.
Det er sant at ein katolikk maa taka mykje paa seg som dei
utanfor Kyrkja meiner er ufridom og som ikkje alltid er so
lett: han kann ikkje laga seg ei tru til eige bruk, han kann
ikkje skilja seg fraa ektemaken sin um det sviv for han, han
bør høyra messa kvar sundag so framt han kann det, han
maa skrifta sine synder, og han vert raadd og driven
til sjølvfornekting paa ymis vis. Men er dette byrdor, so
vert desse byrdone noko um senn til vengjer som ber
han uppe.
Og nåar det gjeld borgarleg fridom, so vil det reint tvil
laust syna seg um ei tid, at den katolske kyrkja er den
einaste makt paa jordi som greider vinna yver alt som no
vil meinka og tyna denne fridomen. Statstanken held paa aa
verta like steinhard som i heidendomen fyrr. Og allslags
løyndarlag vil rikja og raada baade yver einskildmannen og
samfundet. Kven andre kunde vinna yver «L’action Fran
caise» enn etterfylgjaren paa St. Petristol? Kva onnor makt
enn den katolske kyrkja kunda halda frimurarane i age?
Kven kann segja det so sterkt som den katolske kyrkja:
Kristus skal vera konge yver mannahjarto, og ikkje noko
verdsleg mekt!
For klagemaalet um trælking og ufridom treng sanneleg
ikkje den katolske kyrkja skjelva meir enn for annan mot
burd.
For femtan aar sidan tala styraren daa var for «Samti
den» um den religiøse uro i tidi. Ordet var rett. Det
hev vore religiøs uro lenge, ute i verdi og heime. Det er som
nåar eit sterkt magnetisk uver rasar: kompas-naali skjelv og
dirrar og peikar hit og dit, og gjev ikkje onnor rettleiding
enn at veldige usynlege krefter arbeider.
Med det store umskiftet i aandslivet som braut seg fram
fraa midten av det nittande hundrad-aaret og naadde til oss
i 70-aari, kom den frigjeringi fraa gudstanken og religionen
som mange lova seg so mykje av. Ein kunde daa flytta til
jordi med all sin hug og all sin kjærleik, so som Bjørnson
216

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free