- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Otteogtredivte aargang. 1927 /
218

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Lars Eskeland.
Det Nye Testamentet skal vera grunnlaget baade for tru
og kyrkja. Men trui og kyrkja var til fyre det Nye Testa
mentet, det vil segja: bygningen var reist fyre grunnmuren.
Kyrkja hadde livt si fagraste tid fyrr det fanst ei einaste
skrift av det Nye Testamentet, og det gjekk mest 400 aar
fyrr alle desse skriftene vart samla og godkjende (paa kyrkje
møtet i Kartago i aaret 397 e. Kr.).
Dei talar um ei luthersk kyrkja, eller um lutherske kyr
kjor. Men det er ingen autoritet i denne kyrkja eller desse
kyrkjone, og dei reknar det for ein fyremun. Det vert so
mykje meir fridom paa den maaten. Soleis lærde Luther,
og soleis lærer dei enno. Men det hev aldri funnest eit sam
fund paa jordi utan autoritet, og aldri kann det koma, soleis
som livet vaart er her i verdi. Men autoritet skal Bibelen
vera, segjer Luther og dei kyrkjone som med rette kallar
seg uppatt etter han. Dette var det meining i, dersom dei
trudde paa eit embete med guddomleg fullmakt. Men
noko slikt embete hev dei ikkje, og dei lærer at det ikkje
finst. Protesten galdt fyrst og fremst dette gudgjevne embetet
i Kyrkja. Det maatte burt, so kvar mann kunde staa med
Bibelen i hand, med like stor rett for alle til aa tolka
han etter sitt skyn. Det høyrde med til fridomen for eit
kriste menneske. Prestedømet var aalment: <AYas aus der
Taufe krochen ist, das mag sich rtihmen, dass es schon
Priester, Bischof und Papst geweihet sei,» segjer Luther i
sendebrevet «An den christlichen Adel deutscher Nation».
Denne læra fører ikkje til samfundsskipnad, men til
anarki. Og anarkiet blømer meir og meir ut for kvar dag
som gaar.
Talet paa sektene er legio, og innanfor kvar av desse
sektene gaar ofte striden som harde stormflagor, so som t. d.
rett som det er i den norsk-lutherske kyrkja. Attaat mangt
anna gjer dette sitt til at mange ser med myrke voner paa
framtidi for statskyrkja, og paa lutherdomen og andre fram
vokstrar utanfor den katolske kyrkja. Lat meg herma nokre
ord fraa ein samtale med ei uvanleg intelligent eldre Oslo
dama som eg møtte ifjor i Rom. Ho var protestant, men
levande interessert for kyrkjelege ting. Ho syrgde yver mangt
og mykje i kyrkjelivet heime, men vona paa likare tider.
Me kom til aa tala um katolicisme og protestantisme. «De
218

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:48:31 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1927/0226.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free