Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske - VI
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lars Eskeland: Katolicisme og moderne menneske.
dei gjer han: dei hev ein heilt annan religion enn dei som
sannar at han var Gud, vart fødd til verdi utan jordisk far,
døydde men stod upp frå dei døde og sit no hjå høgre handi
til Faderen.
Alle veit at det er prestar og lærarar i statskyrkja som
berre gjev kristendomen ein jamgod plass millom andre
religionar og Kristus rang og rett millom andre stormenn i
verdi, og stundom snaudt det, ja det finst lærarar som held
han for ein skademann og kristendomen for ei ulukka, og
den største av alle ulukkor.
Alle desse lærdomar og lærarar er samla i ei «kyrkja».
Og for ei slik kyrkja må katolicismen verta den einaste
fåren.
Midt i alt dette anarkiet står den gamle og æveleg unge
Moderkyrkja i majestetisk einskap. Maken til dette syn hev
ingen set. Og er det då ikkje ein heller rimeleg tanke at
denne einskapen er gudgjeven?
Di klårare motsetningane vert millorn kristendom og
ikkje-kristendom, di sterkare vaknar einskapstanken i alle
kristne samfund. Svært sterkt kjem dette til synes i den
anglikanske kyrkja. Men sterkast brenn denne lengtingi i
den katolske kyrkja. Ho hev ikkje noko kompromis å bjoda
fram. Men ho kallar ustanseleg på dei «fråskilde brør»,
ho brukar stendigt dette kjærlege ordet. Og fra alle katolske
altar kringum i verdi og frå alle levande katolske hjarto
lyfter det seg som veldige båror av bøn um denne einskapen
imot hmimelen: ut omnes unum sint, at dei alle må verta eitt!
Lars Eskeland.
Men framtidi for denne kyrkja sjølv?
286
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>