- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Niogtredivte årgang. 1928 /
634

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Av soga til den norske bondegjenta i byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

AV SOGA TIL DEN NORSKE BONDE
GJENTA I BYEN
Fredrik Parelius: Drift,
Aschehougs forlag, Oslo.
Det var ei tid alle romanar var um greivar, og «folke»
berre var den «muld», eller med eit mindre fint ord,
det gjødsl-emne overklassa trong til å drive fram sine prakt
blomar på.
Men etter den store rotveltingi i det attande hundradåre
fekk folke hovude upp av moldi og grov seg fram med
bloduge hendar, sopass at dei kunde rette ryggen og knyte
nevane. Og greiven fekk lære at bonden hans var eit men
neske, og tilsist endå sjå at romantikken kom og lyfte han
inn i litteraturen. Og dei fekk sjå meir. Demokratie voks,
og diktarane tok upp arbeidaren, sjølve den heimlause prole
taren. Og no var det greivane som kom i bakgrunnen. Ein
kunde desse gamle romanheltane no, og vyrdnaden og ov
trui på den kulturen som hadde snudd seg um til sitt eige
rengjebilæte veikna etterkvart. Dostojewski, Gogol, Puschkin,
Tolstoy, Gorki kom. Og dei store franske kom alle desse
modige eldsjelar, som med hopbitne tennar grov til botnar i
det som fyrr var gøymt under rosor og liljor.
Det lukta ikkje godt ; ingen parfyme kunde lenger døyve
ill-teven frå den underverdi som no kom fram i blanke
dagen.
Og skrike frå dei som kjende seg krenkte i sin heilage
rett til å vera i fred for denne styggedomen kom som ei
haglskur over syndarane. Greivane måtte taka til motverje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:01 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1928/0642.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free