- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Niogtredivte årgang. 1928 /
636

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Av soga til den norske bondegjenta i byen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ei ekte morgonstemning frå dei fysste 80 åri.
Hulda Garborg.
spela likso godt som skodespel um kongar, keisarar, greivar
og besteborgarar.
Då den litterære fin de siécle bylga nådde Nord
landi, stod nokre unge norske idealistar og tok mål av vårt
eige vesle samfund. Det var sandeleg ikkje berre ute i den
store verdi der var something rotten, ogso me hadde ei un
derverd, der det lukta lite godt. Og i barnleg tru på at det
måtte hjelpe å late upp døri og la folk få sjå kva me gøymde
under den dygdeprydde overflata, beit dei tennane ihop og
skreiv nokre «sanne skildringar» frå hovudstaden vår, der dei
tumla ikring millom glad ungdomsørske og bitre etter-vear.
«Du kan tru Samvittigheda har vært krakilsk idag, du,» seg
jer målaren Bjølsvik i «Mannfolk», den boki som fekk stemple
«svinsk» i besteborgarbladi, og elles på mange måtar vart
forfattaren so dyr. «Jeg maatte saagu av paa Sjappa, det
første jeg gjorde i Dagmaares, og slaa paa ’a noe 01, for aa
døyve ’a saad’n foreløbig; men der maa nok mer til»
«Mh? Er du saa flott du holder Samvittighet, du? Det maa
jeg si» ; Blytt 10.
Dei kom so friske til leiken desse unge, vilde so gjerne
vera glade og «slog seg laus», når høve var der. Ja, når
dei tumla seg i dansen i det namngjetne arbeidersamfunde
kunde alvorsmannen Daniel Braut tykkje dei var «gladare
enn kristsømeleg kunde vera».
Men samvite hogg og beit under «gleda», som ikkje al
tid var so stor som ho såg ut til dette samvite som det
måtte so mykje alkohol til å døyve.
I Garborgs «Mannfolk» ser me fyrste dragi av bonde
gjenta i byen; det paradise som vinka, men so ofte vart
søkkemyri dei aldri meir kom upp av.
Soga um Helene er knapp, men ein gløymer ho ikkje,
um det enn er mannfolki som er hovudemne i denne Gar
borgs såre og bitre bok.
Med hopbitne tennar og eit hjartalag som gøymer seg
under ironi og fandenivoldsk, uvyrden, sanningstrass er denne
boki nedskrive. Bondeguten som kom til byen med sin
«bondemoral» vart utledd av kammeratane som «visste be
sked» ; og han tumla seg ut på kanten av avgrunnen og stivna
Han skulde få rett.
636

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:01 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1928/0644.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free