Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Av soga til den norske bondegjenta i byen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Av soga til den norske bondegjenta i byen.
den barnlege godtru som legg eit sonande drag yvi all hennar
ferd på dei ville vegar.
Ho kjem i huset hjå utruleg fine folk, «capitaine von
Gråbens», som «grovpike». Og, «endå ho ingenting kann
fær ho firti kroner året, samt kost og egen alkove på
loftet»
Og ho fær vita kva det er å slita, men ho er sterk og
tek det med tolugt mod.
Attåt annan herlegdom fær ho og nytt namn. Gunvor
Herulvsdatter? Hæ, kva var det for slag. Kva far hennar
heitte då? Jau, han vart kalla Herulv Olavsson. Nå ja, altso
Gunvor Olsen, det var meir liketil. «Olsen! tenkte Gunvor
og neiet. Hun følte det næsten som hun hadde fått et nytt
fint byplagg.» Og no var ho ferdug til å gå på byen, det
store eventyre. Og ho spara seg ikkje. Fekk ros av kusken
og kokka. Bare drive på, so kunde ho kannhende eingong
nå so langt, at ho fekk stryke skjortene til kapteinen.
Ho kom lenger. Ein dag då kapteinen og ho var åleine
i huset hender det vedunderlege. Kapteinen bed henne inn
på eit glass vin. Og ho hev age for kapteinen mest som for
presten heime. Men ho var ikkje redd han. Tykte beint
fram synd i han, for fruva var slem.
So kom det. Kapteinen var drukken, ho vart sjølv yr,
og ho var ung og han var snild. Bad henne fortelje um livet
sitt, og ho fortalde so ho gret. Vraket fekk viljen sin. «Eg
er gladare i deg kaptein enn i noko anna menneskje i verdi»
og ho tenkte på August.
Ho er so heilt åleine, treng so til eit venlegt ord, til
nokon som er god mot henne. Og ho er frisk og ung. Ingen
tanke slepp gjenom rusen. Som ei villmøy frå urskogen
stikk ein blom i håre og gjeng mot den mannen ho likar
og segjer: eg vil vera hjå deg, slik gjeng Guovor mot lag
naden sin med opne sansar og hjarte fullt av sæle draumar.
Kapteinen vert far til fysste bane hennar. Ut or vegen
hans må ho; ho er ikkje til for han meir.
Og no ber det ut på villvegen. Ho fær ein son. Og
seinare ein til. Og me fylgjer henne no gjenom alle dei åri
ho driv gjenom storbyens skuggeheimar og tener til livberging
for seg sjølv og desse gutane som ho aldri ein dag gløymer,
kor djupt ho fell.
639
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>