- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
476

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kaare Fostervoll.
Bondeungdomslaget i Oslo er det eldste og mektigaste
av dei nemnde laga. Det vart skipa i 1899, iei sterk nasjo
nal brytningstid. Sist i 90-åra kvesste unionsstriden seg hardt
til, og der var som vanleg ein indrenasjonal kampfront tvert
over den ytre. I Oslo var denne indre kampfronten serleg
synberr, avdi høgre og venstre slost om overtaket, og striden
var varm. Motstanden mot dei nasjonale krava var sers
handlekraftig, og dette eggja til framstøyt. Det gjekk ei na
sjonal båre over landet. Noregs Ungdomslag, landssamskip
naden av dei frilyndte ungdomslaga, vart skipa i 1896, og
ein annan sterk faktor i det nasjonale reisingsarbeidet, folke
høgskulen, hadde just no ei rik vokstertid. Kringom i landet
vart det skipa ungdomslag, og i 1899, mest samstundes med
Bjørnsons vidgjetne «Loge-tale» om å «kverke målkalven»
vart optaket gjort til å skipa Bondeungdomslaget i Oslo.
Sjølve programmet syner at det nasjonale reisingsarbeid
ikke berre er grunnlag, men og fyremål for laget. Dette er
ein naturleg led i arbeidet for å reisa bondekulturen her i
landet. Det heiter difor i fyremålsparagrafen i lagslovene:
«Bondeungdomslaget vil samla norsklyndt bondeungdom
til samvær og samarbeid på heimeleg grunn og gjeva landsung
domen i hovudstaden vern og hjelp. Laget vil auka vyrd
naden for bonden og bondeyrket og arbeida for atterreising
av det norske folkemålet, for ædrugskap og for nasjonalt
sjølvstende i alle leider.»
Med denne klåre avgrensinga til berre å gjelda innflutt
bondeungdom og til kamp for bondekulturen var det frå
fyrste stund skapt ein motsetnad til byen. Oslofolk har då
på si side havt liten eller ingen tanke tilovers for det som
laget har stridd med, har vel og lite greie på det. Dei fleste
nøgjer seg med den orientering som ligg i sjølve namnet,
og er takksame for at dei ikkje høyrer heime der. Laget
har havt både 20- og 25-års høgtid utan at Oslopressa let seg
merka med det nemnande, burtset frå dei to-tre blad som i
laget ser ein ven isi politiske trengsle. Det som ikkje inter
esserar publikum, er ikkje bladmat.
Men tru om ikkje Bondeungdomslaget og det kompleks
av idear og praktiske tiltak som er knytt til det, interesserar
meir enn likesæla trur? Det har nemleg no vorte eit so
sterkt og sermerkt konstant drag i by-andlitet at ingen kan
476

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:26 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0484.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free