Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kaare Fostervoll: Bondeungdomen i byen og by-hatet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Bondeungdomen i byen og by-hatet.
og kontorfolk, handverkarar og andre arbeidarar som soknar
til laget. For dette er det ikkje betalt vederlag korkje frå
leigar eller utleigar.
Ogso gjenom skular og kurs har laget arbeidt for sitt
fyremål. Det finst ikkje nokon ålmendanande skule eller
fagskule i Oslo som gjev oplæring på nynorsk. Ikkje ein
gong i folkeskulen er det høve til det for dei som ynskjer.
Ein har all grunn til å gå ut ifrå at det no er meir enn nok
elevar i Oslo folkeskule til ei serklasse med landsmål til
undervisningsmål, so det etter loven skulde vera høve til å
få ei slik klasse i gang. Men det avgåtte skulestyret i byen
ikkje berre undlet å setja ei landsmålsklasse i gang, det nekta
ogso dei interesserte samskipnadene å nytta skulemanntalet
til å fyrebu kravet på ei slik klasse. Ein får vona at det
nye skulestyret syner større skynsemd og velvilje i denne
sak. Det sømer seg ikkje for hovudstaden å vera meir ein
synt enn t. d. Florø, som i alle fall ikkje nekta låna ut proto
kollane, om det var riksmålsfleirtal.
Kravet på ein millomskule med landsmål til oplærings
mål freista Bondeungdomslaget i si tid å stetta, med di det
sette i gang ein eitårig millomskule, ikkje for «innfødde»,
sorn kunde gå den regulære skulevegen, men for ungdom
som skulde freista skyta ein beinveg fram til eksamen. Dette
eitårskurset giekk i 5 år, frå 1919. Det fekk ikkje serleg stor
søknad, mest avdi det tevla med liknande kurs på fleire
stader ute i landet, der det fell billegare. Det kosta laget
25 tusen kronor.
Attåt denne skulen har laget dreve stuttare kurs til op
læring i skriftleg bruk av landsmål. Det har vore mykje
søkt, ikkje berre av lagsfolk, men og av departementsfolk og
andre offentlege og private tenestemenn som har bruk for
nynorsk i sitt yrke.
Vender ein seg no frå denne «ytre fronten» til den indre,
til sjølve lags- og møtelivet, so møter ein eit like mangfaldig
og rikt virkefelt. Laget har ogso her stendig lagt nytt land
under plogen, teke op nye greiner av lagsarbeid, og skapt
berande tradisjonar på alltid fleire omkverve. Men gjenom
alt saman går det ein ekte norsk grunntone, den same som
har sunge i laget sidan dei første tronge tider. Ein sovoren
vokster har vore naturleg. Frå eit medlemstal på eitpar
479
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>