- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Firtiende årgang. 1929 /
599

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olav Dalgard: Olav Aukrust

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kvi nøydde det og naudbad
Olav Aukrust.
tegn, eit stykke form. Kva vil dei andre kunna lesa ut
av det:
Storkna skum frå lavastraum
stein som flaut or berget bråe
skorpevorten magnaflaum
or eit jord-djups inste tråe:
kven vil tru som tred på denne
no so fast som fjell å kjenne
at han or eit eldhav braut
ein gong dä det faste flaut.
Ei gåte er løyst, men nye lokkar stendig uløyste i syns
rømda. Kunstnarfanatikaren kan ikkje stane før det er for
seint, før han står ved den farlege erkjenning at det beste
dikt er det uskrivne. Dei som kan skapa det umogelege for
oss, just dei må til slutt stange hovudet mot det umogelege,
dei finn seg att på randen av vanvetet.
Olav Aukrust gjorde det mang ein gang. Men det var
hans triumf at han kvar gong vann siger, og fann fram til
den store optimismen. Han hadde den rike vitalitet som kan
gå til Hel i ein Hamlet, men stige til himmels att i ein Pro
spero. Midt i undergangen fann han den store stille skapings
rike fred, som berre den utvalde kan få.
Ja, kvifor det! Kva botnar vårt krav etter kunst og er
kjenning i? Kva meining, kva mål har det?
Mange har spurt men svaret har alltid vorte ei ny gåte.
Nyttelaust strev, vil dei fleste seie. Nå ja. Men kampen for
å løyse denne evige gåta har vore ei uvurderleg drivkraft i all
kunst gjenom alle tider. Den har drive kunstnaren til å
gjennemsøkje jordunderet stjernevrimlet. Den har tvinga
han inn i den kosmiske spaning, og har gjeve han den store
allheimskjærleik, denne gudeevne til å spane ei tindrande
bivrost frå hel til himmel.
Få har havt denne evna i rikare mun enn Olav Aukrust.
Med sin skarpe tanke og sin djupe intuisjon leita han seg
fram gjenom menneskjeånda si soge, gjenom bibel, edda og
etter rytme og norm
Kvi lengta det og lysta
um farge og form.
599

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:26 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1929/0607.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free