Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Krishnamurti.
for sitt eige folk. Ein «nasjonal uppvekkjar som tala med
mynje og stor visdom».
I 1911, då han var fjortan år gamall hende noko som
syner at teosofane alt då var vel fyrebudd til å ta imot den
nye Messias. Ein engelsk officer, major Peacock, fortel. Det
var på eit stort møte, der 3—400 menneske var komne saman
for å ta imot korti sine som lagsmennar av ordenen «Stjer
nen», som var skipa for å fyrebu koma til den nye verds
læraren. At Kristus sjølv no vilde koma att var dei truande
teosofane då fullvisse på. Og eit upplysningsarbeid måtte no
til, so det ikkje skulde gå som for 2000 år sidan då fåkunna
var so stor at verdsfrelsaren vart handsame som den største
brotsmann.
Men då dei på hint møte kom inn i den store salen i
det prosaiske ærend å hente medlemskorn" sine av Krishna
murtis hand, der han stod blyg og vyrdeleg med ein bunke
papirsetlar i handi, då hende det, at desse mange hundrad
menneskje av ymse nasjonar og truvedkjenningar med ein
gong, liksom «drivne av ei indre makt» kasta seg ned for
føtane til den unge guten og helsa honom med panna mot
golvet, den høgste æreshelsing i India. Ei parsisk x dame, ein
engelsk officer, professorar, hindukvende og europæiske kvende,
unge og gamle, embætsmennar, doktorar, juristar, bankfolk,
kristne, buddhistar, alle som ein helsa dei soleis den unge hindu
guten som sjølv siet ikkje enno kjende seg kalla til den høge
mission dei sa han var utvald til. Alt han seinare hev sagt
um seg sjølv tyder heller på, at han kjende den byrdi dei la
på hans ungdom som ei stor pine.
I ordenen «Stjerna» eller «Stjerna i aust» samla dei
seg då alle dei som trudde at «Herren» snart skulde koma,
nokre kalla han med eit namn, andre med eit anna. Men
kva religion dei vedkjende seg, visste dei, at det var den same
Herren dei venta.
I denne hendingi fær me eit lite glimt av bakgrunnen
for Krishnamurtis seinare liv og gjerning.
1 Parsar: dei iranske «eld-dyrkarane», d. e. dei som enno held fast ved
Zoroasters lære med dei tri hovudbodi, gode tankar, gode ord og gode gjer
ningar.
447
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>