- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Enogfirtiende årgang. 1930 /
449

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

30 Samtiden. 1930.
Krishnamurti.
Ein kunde ovunde dei alle den sterke trui, og ein måtte
få respekt for det sjølvuppofrande arbeide, den varme kjær
leik og vilje til det gode. Men det var for mykje som gjorde
ein kald; ikkje minst den søtvorne jargonen
Alt på den fysste verds-kongressen til Stjerne-ordenen i
1912 tala Krishnamurti greit um dei kravi ein måtte setja til
alle som vilde vera med å fyrebu den nye tidi. Men fysst
etter dei lange læreåri i Europa, på verdskongressen i Paris
i 1921, tek han aktiv del i arbeide med den store samskip
naden. Men heller ikkje då er det noko som viser at han
sjølv skulde tru seg å vera Messias. Han talar som den «in
spirerte discipel», og dei som høyrde han var i ekstase. Dei
tala um «gudmenneske» og bruka idetheile ein terminologi
som me so vel kjenner frå Jesusdyrkingi.
Men ein utanförstående kann ikkje heller etter den tidi
sjå anna i han enn ein klok og sympatisk reformator, ein
eldhuga førar i åndelege og materielle ting; alt i alt eit vak
kert og gåverikt, godt og edelt menneskje.
Gjenom bøker og talor og ved det gode eksemple frå eit
rikt og lysande idealistisk arbeidsliv gjer han propaganda for
den verdstanken som meir og meir tek fast og klår form
for han.
Fysst og fremst vil han vekkje sitt eige folk til åndeleg
frigjering og nasjonal sjølvkjensle. Men den politiske som
all annan frigjering må skje innanfrå i kvart einskild men
neskje. Alle må lære å sjå seg sjølv som lekk iei stor kjede,
og at ingi kjede er sterkare enn sin einskilde lekk. Me er
alle gneistar av det guddomlege ljoset og må lære å elske
livet, som er det guddomleges manifestasjon.
Livlause tradisjonar, ov-tru, religiøs intoleranse og in
dividuel sjølvkjærleik er største hindringane for fred, lukke
og fridom på jordi.
Buddha og Jesus var stortenkte reformatorar som såg
verds-ulukka og på kvar sin måte freista bøta og berge og
føre menneska attende til sitt guddomlege upphäv. Men då
dei var burte, vart ordi deira tolka, vrengt, vridne, tøygde og
tilsist mest heilt drukna i kunstferdig uppbygde tanke-system,
som dårar og vismennar putta sine eigne meiningar og kjenslor
inn i. Den som vilde finne dei att måtte leite som dukkaren
etter perla på havsens botnar ofte.
449

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:49:56 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1930/0457.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free