Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hulda Garborg: Krishnamurti
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men,
Krishnamurti.
Den han elskar «er himelkvelven, blomane og kvart livande
menneskje».
«I 16 år hev de dyrka eit bilæte som aldri hev tala; de
la i det kva de sjølve vilde. Og dette bilæte gav dykk ro,
kveikte dykk i motlause stundar. De kunde halda fast ved
det, avdi det var tagalt, ikkje levande. Men no, når dette
bilæte som de sjølve skapte vert levande og tek til å tala,
segjer de: «Kann dette bilæte som eg hev dyrka ha rett? Er
det verkeleg verds-læraren?»
Men tvilen er helsesam. Krishnamurti krev ikkje at nokon
skal tru blindt på honom. Kvart menneskje må sjølv gjenom
røynsle finne vegen til sanningi.
«Tvil er som ei kosteleg salve, endå um ho brenn, grøder
ho storleg»
«Lat ikkje tvilen snike seg i myrkr inn i hjarta ditt; lat
den koma som den friske vinden frå fjelli lat tvilen kalla
upp til dans, den døyande kjærleiken i eit velnøgd sinn.»
Tvilen hev frigjort han frå all ovtru, alle gudar skapt
av menneskje i deira eige bilæte.
Han vart sjølvsagt kalla atheist, gudsnektar; kven kunde
sjå gud utan i eit bilæte?
Max Miiller segjer um atheismen, at den gjev kraft til å
gjeva upp det som me i våre ærlegaste stunder veit ikkje er
sannt. Den gjev evnen til å byte burt det mindre fullkomne,
kor kjært det enn er, kor heilagt det kann ha vore for oss,
med det meir fullkomne, endå um verdi enno hædar og
styggjest ved det.
Heligions-soga stadfester sanningi av dette. For alle in
diske bramanar var Buddha ein atheist. For Athens domarar
var Sokrates ein atheist; grekarane og romarane kalla dei
fysste kristne atheistar, o. s. b.
Men, segjer M. M. vidare: Den ærlege atheisme skal
lære oss, at når det visne lauvet frå ein ljos og lukkeleg vår
fell av, so er der og må der vera ein ny vår reidug for kvart
varmt og ærlegt hjarta, og den vil lære oss, at den ærlege
tvil er den djupaste livskjelda for den ærlege trui, og at berre
den som misser livet sitt skal eige det ævleg
Dette er plent det same som Krishnamurti og meistrane
hans lærar.
453
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>