Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det nye kringom år 1300.
173
for ein militær skipnad; Island er kanskje det einaste lande
i verdshistoria som aldri har hävt ein hær, og feudalismen
har grunnlage sitt i militære styringskrav.
Når granskarane så vanskeleg har fått syn for det
feudale grunn-emne i den norske statsvoksteren i 13de
hundre-åre, så er det mykje for di dei har set feudalismen i
mot-setning til den sterke kongsmakta. Men dei har da uvilkårleg
fört over på ei eldre tid den striden som dei kjenner så vel
ifrå seinare vilkår. I röynda fans det fra fyrsten inga slik
motsetning. Tvert imot — det var kongedöme som grunnla’
feudalskipnaden. Etter kvart som kongen voks fram ifrå ein
rein hærkonge til ein riksstyrar med vidare maktkrav, måtte
han sjölv bygge opp ein feudal riksskipnad. (Ekonomiske
vilkår — det natural-hushalde som rådde i samfundslive —
gav han ikkje änna val. Han kunde ikkje samle alt hos
seg, korkje avgifter eller styring; tvert imot, han måtte la
ombodsmennene sine ta både avgifter og styring, gjere dei
til lénsmenner.
I staden for å feste tanken på motsetninga mellom
konge og lénsmenner, skulde ein heller ta mark på
vokster-samanhengen. For den historiske sanninga er at feudalismen
var ein freistnad på ny riksskipnad, sterkare enn den som
fans för, og han kom nett for di kongedöme heldt på å bli
ei sann statsmakt. Så sterk ein riksstyrar som Karl den
Store var nett ein av dei som aller mest fremma den feudale
voksteren i landa sine. Og den som for ålvor feudaliserte
England, det var den sterkaste kongen lande til da hadde
hävt, — Vilhelm Landvinnaren. Det er difor ingen ting
unaturleg i at det var eit nytt og sterkt kongedöme som
grunnla’ feudalismen i norderlanda, — Valdemar’ane i
Danmark, Folkungane i Sverike, Sverre-ætta i Noreg.
Motsetninga kom fyrst opp når kongen og lénsmennene
kvar på sin kant voks fram til nye maktkrav, — når
lénsmennene samla seg til ei adelsklasse som vilde reise
sjölsten-digestats-institusjonar i breidd med kongedöme, og når kongen
fikk nytt grunnlag for ei meir centralisert riksstyring. Da kunde
og måtte det bli tevling mellom dei som för var sambundne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>