- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
179

(1928-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det nye kringom år 1300.

179

verbror sin, mea dei to hertogane römte til kong Håkon i
Noreg, og der kom den merkelege skipnaden i stånd at den
svenske hertog Erik fikk til lén hos kong Håkon fyrst den
norske Elvesysla (sörluten av det som sia vart Båhus len)
med Konghell slott og etterpå det danske Nord-Halland med
Varberg slott. Det var det fyrste opptake til eit serskilt
lite norsk-dansk-svensk rike som skulde bli så viktig ein led
i den skandinaviske unionspolitikken. Feudalismen sprengte
riksgrensene.

Bröte i Sverike förte ut i ålmenn norderlendsk krig, og
berre reint utvendes kunde det sjå ut som ein krig mellom
Noreg på den eine sida og Danmark-Sverike på den andre.
Mykje meir sermerkt var det at den danske og den svenske
kongen fikk imot seg förarane for feudalpolitikken i både
Danmark og Sverike, den danske kongsbroren hertog
Christoffer og den svenske kongsbroren hertog Erik. Og det var
ikkje Noreg, men hertogane som vann krigen. Freden i 1308
klöyvde Sverike mellom kong Birger og brörne hans.

Men denne sigeren for hertogane må tydeleg ha skræmt
kong Håkon i Noreg, så han skjönte det sanne innhalde i
striden. For no var det han som gjorde ein brå-snunad i
politikken sin.

Ymse historieskrivarar i notida (serskilt P. A. Munch og
Alexander Bugge) har skildra Håkon V Magnusson for oss
som ein sterk og fylgjestreng riksstyrar, ein mann som med
fast hand slo ned stormannsmakta i lande og bygde opp eit
kongeleg einvelde. For min part trur eg at dette er mest
så rangt som det känn vere \ Eg tvilar ikkje på at kong
Håkon tenkte stort om kongedöme sitt, og at han i visse
matar freista ta etter föredöme til kong Filip IV i Frankrike.
Det er klart nok og, at han surne tider freista slå slag imot
lendmannsvelde i lande og ta styringa i eigne bender. Men
det var just stöleik og fast plan det skörta på. Alle har sét
at det var vingel i utarikspolitikken hans. Men det er uråd
å skilje utariks- fra innariks-politikk, i vissa i dette tilfelle

1 Sjå stykke mitt om han i Norsk Biografisk Leksikon V 173—180 (1930).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon May 19 11:16:18 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free