- Project Runeberg -  Scandia / Band IV. 1931 /
181

(1928-1940)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det nye kringom år 1300.

181

ho avlyser sjölve lendmanns-namne, ho fästset nögje pliktene
åt syslemenner og lagmenner, og set straff for misbruk, ho
föreskriv at tenestemenner under syslemenner og lagmenner
skäl gjere eiden sin til kongen sjöl, ho skipar kongelege
sende-menner til å ha tilsyn med all embetsstyringa, og ho krev at
leidangs-hæren skäl bli halden oppe. Det er ein kongeleg
makt- og styrings-vilje som her gir seg ord.

Like vel vart ikkje denne byrge rettarbota sluttsteinen
på eit stort byggverk, — fyrst og fremst for di det byggverke
av kongeleg einvelde som så månge historieskrivarar har set
i Noreg på den tida, berre er ei synkverving. Og
riksvokste-ren gikk sin eigen veg uta omsyn til viljen i den kongelege
rettarbota. Det er urimeleg å nekte at det kong Håkon vilde
med ho, det var å sette kongsmakt i steden for adelsmakt.
Men det er likså urimeleg å segje at han nådde viljen sin.
Rettarbota fra 1308 vart berre eit slag i lufta. Etter som för
var det adelsmakta som voks, både i centralstyringa og i
lensstyringa, og forskriftene i rettarbota lét seg slett ikke
gje-nomföre. Dette gir forklaringa på det merkelege faktum —
som i seg sjöl fortel ikkje så lite — at denne store og viktige
rettarbota fins berre avskriven i ei einaste av alle dei norske
lovsamlingane vi har ifrå midalderen. Ho kom ikkje til å
bli varande lov i Noreg.

Den politikken som fikk form i rettarbota fra 1308, gav
seg utslag både utariks og innariks. To månader etter var
det at kong Håkon gjorde samband med den danske kongen
Erik Menved, og i avtala mellom dei lova han dessuta dotter
si, Ingebjörg, — den same som han i 1302 hadde trulova med
hertog Erik, — til den unge sonen til kong Birger av Sverike.
Såleis var alle dei tri norderlendske kongane sambundne. Og
kven var det som stod imot dei? Det var fyrst og fremst
dei to svenske hertogane med dei adelsmennene som fylgde
dei, og dinæst ei rekke av dei fremste danske adelsmennene.
Men dessuta höyrer vi at norske lendmenner og no slo Iag med
dei og reiste krig mot kongen sin. Greiare känn det vel ikkje
bli sagt at no stod adelsmakt imot kongsmakt. Den
norderlendske adelen tek for ålvor til å konsolidere seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon May 19 11:16:18 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/scandia/1931/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free