Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Det nye kringom år 1300.
183
mellom rika kringom år 1300 hadde feudal-adelen samla seg
meir og meir til strid for klassemakta si.
Eg trur at dette er eitt av dei aller viktigaste fakta i
nor-derlendsk historie på den tida. Det er det som ligg under
all unionspolitikken ifrå 14de til 16de hundreåre. Og det er
det som förklarar den av-nasjonaliseringa som samstundes
går for seg i alle tri norderlanda, men som serskilt blir så
lagnads-tung for Noreg for di den norske adelen av
natur-lege grunner var så mykje veikare enn den danske og den
svenske. Adels-skandinavismen gjorde det av med sjölstende
for Noreg både i statsliv og kulturliv, og ein annan grunn
til at denne skandinavismen kunde vinne så mykje sterkare
makt i Noreg, var at det dér varte så mykje lenger för det
voks opp ei mektig borgarklasse. For deri låg avgrensinga
for den nye skandinavismen, at han var strengt bunden til
den feudale adelsklassa. Han voks fram i Iag med den
ade-lege klassereisinga, og han var ei frukt av den. Det var
ei skandinavisk overklasse-samling som gikk for seg.
Halvdan Koht.
(Tryckt sept. 1931).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>