- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
3

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fortale.

I 1871 kom eg upp i øvre Gudbrandsdalen — skulde
vera lærar — og fann desse forteljingarne like friske paa
folketunga. Sidan saag eg at presten P. A. Krag hadde
samla dei i ei liti bok alt i fyrtiaarom. Det var eit gasta
arbeid paa si vis; han hadde granska segnerne strengt og
drege ut det rimelege til alle leier. Men nokor folkebok
var det ikkje; han hadde visst ikkje tenkt helder paa det.
For daa maatte ein stella seg sjølv meir attum og lata
forteljingarne tala, — og ikkje leggja dei ut paa bleikjevoll
til lærd gransking. Og dette »snakkesalige« boksproke er
daa helder ikkje skapt til aa herma norske bondeord; dei
taper daam og dæme og alt liv.

Daa skaut den tanken upp i meg aa byggja ei soga av
dette livande vyrkje, nett som fedrarne vaare gjorde i gamle
dagar, baade her og paa Island. Men eg maatte vara meg
for tilskaping. So bruka eg borni til prøveklut. Og no
vart Krag god aa hava; eg saag upp til honom som kjelda.

Soleis sette eg daa saman denne soga — for 20 aar
sidan — paa godt-som gudbrandsdals-maal. Ein venen min
prenta nokre hundrad og spreidde, mest der i dalen. Ho
kom ikkje i bokhandelen.

No kjem ho paa reint landsmaal. Men ord og
vendingar hev eg framleis laant av dei gamle i dalen. Og her
maa eg faa nemna tvo av dei: Ola Kvaale i Lom og Ivar
Blekastad paa Sell. Dei var meistergubbar til aa fortelja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0005.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free