- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
6

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei lengje. Sidan spøkte det med at dei skulde
taka heile England. Og Viljam nordmanner
tok det, og hans ætt sit paa kongs-sæte der
endaa.

Dei for aat Rusland og vart hovdingar og
megtuge menner. Dei kom aat Konstantinopel
og fekk velde yver heren i det store
kjeisar-rikje; der vart dei so megtuge at kjeisaren skalv
for aa hava dei, men han vaaga ikkje aa lata
dei fara helder.

Dei gjorde ei ferd aat Jerusalem, og for
attende gjenom Europa, og for fram so storfelt,
at det er som eit eventyr aa lesa; og folke i
sud-landom hadde ikkje set maken til ei slik
ferd.

Soleis for dei paa sjø og land og gjorde
veg etter seg som lyste i mange hundrad aar.
Det kom sendemenner radt ifraa Spania og bad
ei norsk kongsdotter um ho vilde koma og
standa brud i det spanske kongehus.

Men so tok dei til aa slaast seg imillom;
og daa gjekk det hol paa liv-aadri. I yver tvo
hundrad aar heldt dei paa og auste ut sitt eige
blod, som soga vaar fortel um. Og lande vart
so bleikt og avsnøydt etter alle desse
ufreds-ridom. So kom Svarte-dauden; og han liksom
sopa etter med ein brei kvost og tok det siste.
Sume segjer at han tok tridje parten av landsens
folk; men mange fleire hev sagt at han tok tvo
tridjepartar, og at det var tridje parten som var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free