- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
8

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II.

So kjem det ein konge, som heiter Kristian
den 4de. Han tek det paa ei onnor vis. Fyrst
skal me høyra ei segn um den kongen og ein
megtug adelsmann, Kristofer Rosenkrans.

Rosenkrans gjekk til ei enkja og kravde
henne og sa: »Daa mannen din livde, laante
eg honom 5000 dalar; men no maa eg hava
dei att straks.« Men ho visste seg trygg paa
at dette ikkje var sant, og sa det. Daa drog
han fram eit gjeldspapir; og der stod 5000 og
namne aat mannen hennar; det var livs livande,
som han skulde sett det der sjølv. Ho vart
dømd til aa greia ut pengarne. Daa ho kom
i slik naud, gjekk ho til kongen. Han talar
med Rosenkrans, og spyr honom ut i krok og
i ring, men kjem ingen veg. »Kan eg daa faa
sjaa papire?« segjer kongen. — »Hjarteleg
gjerne,« segjer Rosenkrants. Kongen ser paa
det lengje. Tilslutt held han det upp imot
ljose. Daa fær han sjaa vatsmerkje inni papire,
og der stod namne aat honom som hadde gjort
det. Men fabrikken hans var bygd mange aar
etter at dette gjeldsbreve var skrive.
Under-skrifti var falsk. Og no laut Rosenkrans
standa til.

Adelsmennerne gjorde eit svare uppstyr;
dei vilde berga Rosenkrans. Men det hjelpte
ikkje trugsmaal elder bøner. Kongen stod fast

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free