Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 23 — ’
Naar skottarne kom inn paa eit tun, so
stelte dei seg upp utanfor døri og ropa: »Mann
i hus, kom ut! Skottarne vil gjesta deg! Ut
med det du hev av gull og sylv, øl og vin,
kjøt og flesk!« Og so gjekk dei inn i huse og
røva. Folki var for det meste rømde aat fjellom.
Men skottarne for so fort, at dei fekk fat paa
mange likevel. Og daa for dei fælt aat. Dei
halvdrap mange. Dei valdtok unge konor og
gjentor, og skamfor dei sidan paa den styggaste
vis, og gjekk fraa dei. Dei for beinaste yver
aaker og eng; og naar dei gav seg tid, so brende
dei gardarne.
Bønderne sat uppe i bergom og saag paa.
Ikkje hadde dei vaapen, og ingen hovding hadde
dei. Og all ungdomen var ute i ufred.
Her skal me fortelja um ein skotte, som
vart sjuk og laut gjeva seg att. Han mura seg
upp ei hytta i eit berg i Romsdalen og lagde
seg til og vilde døy. Daa bar folke upp mat
cg drikkan og stelte vel med honom; han kom
seg att. Han var der ei lang tid. Men ein dag
vart han burte og kom ikkje att. Han spurdest
ikkje meir.
Tri av dei fælaste fjell i Romsdalen heiter
Maange-hamaren, Kyllinge-kleivi og Bjørne-kleivi;
dei gjeng mest heilt ut i elvi. Paa desse
stel-lom hadde bønderne tenkt seg til aa møta
skottom. Dei samlar seg og skal raadslaa. Men
dei kjem for seint. Skottarne er alt farne.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>