- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
26

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 26 — ’

Naar dei kom aat ei bru elder ein
krossveg, maatte han Per Klognes fram. Fyrst fær
han hogg og slag; so spyr dei honom um rette
vegen og um han veit nokon løynd faare. Dei
hev lært aa skyna, at han ikkje er so einfeld
som han læt seg til; ofte fær han bank ein gong
til, fyrr dei trur paa honom og vaagar seg lenger.
Dei fer yver Bottheims-brui paa Lesja, og daa
brenner dei upp henne, so ingen skal koma paa
dei attantil.

Kvar morgon brende Sinklar krut i neven
sin. Slo røyken mot jordi, kunde dei herja og
røva og vera trygge den dagen. Slo han til
vers, so vilde dei koma i kamp, men vinna.
Men slo han aat bringa, daa kunde dei vara
seg; det spaadde um ei ulukka.

Dei fer gjenom ei grend heiter
Kjørums-grendi; der er tett med gardar. Daa smett han
Per til sides og renner fraa dei. Han tek paa
heimveg og kjem eit lite stykkje; daa knip dei
honom att og gjev honom juling.

Dei kjem aat Jora-brui og er svært rædde.
Fyrst ser dei vel aat um brui er heil; so sender
dei ut folk til aa njosna. Dei kjem att og
fortel at vegen kløyver seg — ein gjeng
upp-yver og ein utyver. So spyr dei Per, kva for
ein er den rette. Han segjer, den som gjeng
utyver. Daa tek dei eit tog og hengjer honom
ut yver brui og duppar honom ned i elvi. Dei
hadde honom under vatne mange gonger. Dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free