- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
28

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Haagaa paa Lesja, Fienden fer upp yver
Romsdalen, og paa timen han spyr det, gjer
han i stand bodstikka og set henne paa skote
aat grannbygdom. Ho var den gongen slik:
eit ope brev var bunde fast kring ein kavle av
tre; han var kvest aat eine enden og brend
svart; i breve stod ei hard order um aa møta
fram. — Sjølv so reiser han ut yver dalen;
mange ifraa Lesja sankar seg attaat og gjev
seg med.

Det var sundag. Han kjem inn i kyrkja
paa Dovre midt under preika og støyter i golve
tri gonger med staven sin. »Gjev ljod!« segjer
han; »fienden er komen inn i lande!« Daa
stana dei og strøymde ut or kyrkja. Og no
talar han til aalmugen og bed dei manna seg
upp. Bønderne paa Dovre gjorde seg ferdige
straks; i flokk og fylgje for dei utyver mot
Rosti; her hadde Lars sett møtestaden.

Der stansa dei og tok til aa hogga timber
og velta saman ei gildra, som dei vilde rulla
ned paa skottarne. Men so kjem det folk ifraa
Vaagaa og Sell, og dei segjer at her dug det
ikkje aa møta skottom. Men dei veit ein stad
lenger ut i dalen — det er i Kringum — der
er det laglegt. Dei tokst um dette ei heil stund,,
kvar heldt paa sitt. Men lesjingen og dovringen
gav seg til slutt. So gjekk dei ifraa arbeide
sitt her og for lenger.

Daa dei for yver Rost-brui, so segjer Lars

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free