- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
30

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 30 —

Lom ligg 5 mil avsides fraa rette dalen og
gjeng heilt inn i Jotunheimen. Det er ei stor
bygd; ho kløyver seg ved hovudkyrkja og vert
til tvo dalar; den dalen som dreg mot høgre
heiter Skjaak. I desse tider var det vegalaust dit.

Daa orde um skottarne kom fram til Lom,
vart det liv. Folk flokka seg og vilde avstad.
Daa er det ein liten rask hop som legg paa
sprange med ein gong; dei stanar ikkje fyrr
dei kjem aat Kringum. Og her kjem dei so
vidt til tidar.

Sidan fer det i veg ein flokk or søre
Skjaak; det er grendi mest for ende. Dei tek
beinvegen yver Finndals-fjelli og kjem ned att
paa Vaagaa — og lenger. Men dei kjem for
seint. Daa dei kom ut paa Vaagaa eit stykkje,
møtte dei bønder som kom att fraa Kringum.
Men meir um det seinare.

So sankar dei seg saman fraa sjølve
midt-bygdi i Lom. Dei er litt seinare ute — og tek
avstad. Daa kjem det ein flokk fraa øvst uppe
i Skjaak og gjev seg med. Og imillom dei var
Skjeldkvaals-kararne.

Det var tri brør heitte so; dei budde paa
Skjeldkvaale i Skjaak. Dei var fulle av lent og
løgje, og det stod ord av dei yver alt Lom. —
Eingong gjekk dei paa Fjordings-marknaden og
dreiv og hadde ikkje noko aa gjera. So var
det ein fjording, som hadde ei sjuk merr, og
han bar seg svært ille. Skjeldkvaals-kararne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free