- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
42

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

•skyt ein gong til; og endaa ein gong. Og
skottarne tek av seg huva og helsar for kvart skot.
Daa kjem han ridande den rare øyken; og
skottarne skrattar og svingar med huvom. Sidan
so gjekk dei med huvom og helsa.

Og so er dei under Kringum.

Sinklar og frua hans og den fremste flokken
er alt komne framum velta. Der stend Berdon
Segelstad; han spenner upp og tek sigte. Men
det klikkar. Daa klemmer han aat andre gongen,
— og det small. Sinklar fekk kula i skallen
beint yver det vinstre auga. Han gav ifraa seg
eit stort rop og seig ned av hesten. Mange
høyrde han ropa: »Berdon Segelstad og byrsa
hans!«

Daa tversvinga han som reid ute paa Storøyi;
og velta kjem veltande. Ho kjøyrer yver ende og
klistrar nedaat etter ein brei teig, — og so
gjeng det rullande aat elvi. Ho sopa med seg
mykje av skottom. Men storslumpen stod att og
•saag paa; dei skalv som lauv. Og so tok dei
sprange, — sume imot nord og sume imot sud.
Men her møter dei bøndom, som kjem med
øksom ifraa baae kantom og klemmer dei ihop
att. No set dei beint upp yver bakken og
lagar seg til og vil slaast. Men daa kjem
bønderne som laag bak velta; dei kjem utyver
i rasande renn og ropar høgt og gjeng paa;
•sume slær, sume høgg, og sume skyt.

Her stend skottarne ihopklemde yver ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free