Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ser paa. Den som skal skjota spenner upp
straks og tek sigte. Daa spring skotten; han
spring burt aat honom Ingebrikt og tøygjer seg
upp med hendom, og heile andlite hans bad,
so det var ein ynk aa sjaa. Og so smyg han
inn under hesten og gjøymer seg. Ingebrikt
hev ei øks i hendom. Daa lyfter han øksi og
segjer at han er meint paa drepa den som
røyver honom; »og no kan det vera nok,«
segjer han. Daa vart det stans. Daa var det
att 18 inne i laaven; og dei fekk liva.
Denne laaven stod ubrigd i 1878, paa ein
voll tett fram med kongsvegen.
So grov dei ei stor grav aat likom og kasta
haug yver. Haugen vart heitande Skottehaugen
og ligg nordan for laaven.
Like hans Sinklar bar dei fram aat kyrkja.
Men daa dei vilde inn paa kyrkjegarden med
honom, var det mange som sette seg imot; han
skulde ikkje hava kristen jord, som hadde fare
so fram. Og det var slik ei knurring paa
bøndom, at ingen torde bera honom innpaa.
So grov dei utanfor og lagde honom i uvigd
jord. No er kyrkja flutt lenger imot nord. Men
gravi hans Sinklar ligg der ho laag, tett ut ved
Logen, eit stykkje sunnan for laaven. Ei stor
steinhella stend paa gravi, og paa henne er skrive
med digre bokstavar, so ein kan lesa det fraa
kongsvegen:
4 — Sinklar-Soga.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>