- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
18

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

heile, etter at Dansen sovna av. Dei fleste
som hev naatt ned til vaar Tid er «sjøskadde»,
i beste Fall holutte, usamanhangande, ofte
tilmed usikre Samansetningar av ymse ned-ervde
Stubbar. Synd og Skam er det, at me ikkje
fyrr fekk skrivi upp det som var gøymt i
Fjellbygdine vaare; mykje av det er no burte for all
Tid. Og endaa lyt me vera glade at noko er
berga. Takk skylder me her serleg M. B.
Landstad, Jørgen Moe, Hans Ross, Sophus
Bugge
og Moltke Moe; mykje av det som
er samla er elles ikkje utkomi.

*



Daa eg fekk Kjennskap til dei gamle
Folkevisane vaare, vart eg reint teki av den ser-merkte
Venleiken i deim, og tykte det var vondt at dei
skulde liggje i Boksamlingane vaare som ein
ubrukt Skatt. Eg kom daa paa, at um me tok
Visedansen upp att, kunde me kannhende faa
Liv i Visune vaare med. Ja eg drøymde endaa
so smaatt um, at me daa kunde faa upp ei ny
Folkedikting, ikkje so ulik den gamle. Men 110
visste me so lite um Kvaddansen, at det var
ikkje so lett gjort. Eg fekk Tak i den vesle
gode Boki av Hjalmar Th uren um «Dans
og Kvaddigtning paa Færøerne»1 og freista aa
setja upp eit Par smaae Dansar etter den, men

1 Herr Thuren lie V med danskt Stipendium fari paa
Færøyane og skrivi upp Visetonar: han hev funni mykje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free