- Project Runeberg -  Songdansen i Nord-Landi /
21

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Songdansen i Nord-Landi

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

det fylgde slik Hugnad med; og eg lærde mykje
paa den stutte Tidi.

*



Dansen i seg sjølv er einfeld, um det nok
ikkje er lett aa lære aa danse godt. Fyrst lagar
det seg ein Ring, t. D. paa den Maaten, at den
som hev ei Vise aa kveda, tek ein med seg
fram-paa Golve og tek til aa kveda og traa so smaatt
dei vanlege 6 Dansestigi: vinstre Fot fram og
høgre etter; ein Gong til vinstre fram og høgre
etter; og so høgre fram og vinstre etter. Andre
Gongen høgre Foten vert førd fram mot den
vinstre, vert dette gjort med ei lita Soping i
Golve. Fleire og fleire gjev seg daa med, og
Ringen lét seg att; kvar held Sidemannen sin
tett under Armen, so det inga Opning vert i
Ringen; denne sviv heile Tidi fraa Høgre mot
Vinstre; og dei som er med gjeng etter
kvaran d r e, Oksl ved Oksl; det er so dei mest ser
kvarandre i Nakken.

So gjeng ein i Takt etter Songen til dei
forteljande rolege Versi; men naar Fylgjesteve
kjem, og elles naar Visa vert meir livleg, vert
Ringen «brotin inn», soleis at dei kjem til aa
danse inn imot kvarandre, Andlit til Andlit; og
ved Minur og Rørslur fylgjer dei med i det som
vert songi, og liksom gjev Bilæte eller Uttyding
av det. I Bugtingar og Slengar sviv daa
Ringen kraftigt og livlegt; men Stigi gjeng i sin

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:16 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans1/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free