- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
27

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27

snart med lette Kotstig ikring dei hoppande krinsa,
just som naar Pottemakaren tek eit Tak i si Skive,
sveivande henne ikring til aa sjaa um rett ho vil svive:
snart i Hader dei hoppa fram til Mots med kvarandre.»

Naar ein no veit, at der i tien hellenske
Dansen var ein «Korførar» som kvad
Danse-songen og førde Ringen, og at Ringen («Kore»)
«tok under med Føraren» i Songen, naar han
trøytna, so er dette beintfram som ei Skildring
av Færøydansen. Samanlikningi med den
svivande Skiva aat Pottemakaren er serleg
forvitneleg ved di at ho gjev oss Kilæte av ein
Ring som altid sviv fraa Høgre til Vinstre (som
Soli fra Aust til Vest); for Færøydansen og dei
eldste Ringdansane me elles veit um sveiver seg
til Vinstre.

Daa Prestane paa Island i den seinare
Millomalderen førde Strid mot Visedansen, vart
jamvel dette brukt til Vaapen i Striden. At
Ringen gjekk til Vinstre var eit av dei mange
Teikni paa, at Dansen høyrde Hin-Mannen til,
vart det sagt.

Elles hev dei havt dilike Dansar vvi heile
Verdi, er det likt til. Um Ringdans — vonleg
OlTerdans — med Song hev eg lesi fraa det
gamle India, og i Johanne Ministers Bok
«Chrysanthemum»1 er det fortalt um ein
Song-dans fraa Japan (Jomfrudans med Solo og Kor);
ei Gjente syng Versi og 6 syng Stevi. Songen vert

1 Gyldendal 1901.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free