Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
Skildring av Dansen i Norig i dei Tidir finst
det ikkje, det eg veit; men Rudolf Keyser maa
ein tru er komin det rette so nær som Raad
er, naar han i Roki si um «Nordmændenes
Forlystelser i Oldtiden» skriv: «Det ser ud,
som der til Nordmændenes Dans i gamle Dage
ikke har været hrugt Instrumenter; men Sang
hørte til. Der dansedes til selvlavede Viser af
forskjelligt Indhold. Disse Kvad blev kaldt
«Dansar», og de som dansede har ved Miner
og Bevægelser fulgt det som sunget blev.» Han
gjeng ut ifraa, som me ser, at Dansen «i gamle
Dagar» hev vori den same i Norig som han
enno er paa Færøyane.
Mange av Folkevisune vaare gjeng i same
Takt som Dansekvædi paa Færøyane, og hev i
dei fyrste Tidir vori brukte til Dans liksom
Færøykvædi.
I dei eldste Fraasegnir um Live i
Nord-Landi vert Dans aldri nemnd. Og dei Itrottar
som vert umtala er alle utanstokks, eller daa
visst Manns-Ilrottar. Med Dansen er noko nytt
komi inn i Live for desse Mennane: dei hev
meir enn fyrr fengi «Kvinna med i Moroleik og Lag».
Og det hev visst etterkvart gjort mykje til aa lempe
paa baade Tenkjemaate og Livemaate.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>