Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
42
byggeris Beskrifvelse» av Lucas Debes (Khvn.
1(573): «De ere ikke genegne til megen unyttig
Tidsfordriv eller forfængelig Lystighed, men mest
forlyste sig med Salmer at sjunge Dagen
igjennem. Men ellers udi deres Brølluper og udi
Juledagene forlyste de sig med nogen eenfoldig
Dantz, udi en Kredz, havende hverandre fat om
Haanden og siungende nogle gamle
Kiæmpe-viser. Men forargelige Lege paa de Tider at øve
vide de intet af.» Det saine Vitnemaal gjev
og dei som seinare hev skrivi um Dansen paa
Færøy. Mange andre gamle Bokmeistrar hev
og nemnd Dansen, men dei hev skildra han
gale eller alvisst so snaut, at der lite Rettleiding
er i det.
Men kva denne «eenfoldige Dantz» hev vori
for dei einslege Øybuane, det fær ein ei
Meining um, naar ein er der burte ei Stund og set
seg inn i Liv og Livsvilkaar.
For det fyrste hjelpte denne Leiken deim
til aa halde seg friske, hugfriske og kroppfriske,
i den lange Vintertidi, daa Storm og Uver ofte
tvinga deim til eit Inneliv som lite høvde for
Fjellfolk og Sjøfolk. Mange vanskelege Tilhøve
hev dei og elles gjenom Tidine havt aajstridast
med, som gjorde det godt for deim aa hava slik
ein god Leik til Hugletting og Tankespreiding.
Men samstundes vart Visedansen som ein
Skulegang for Baan og Ungdom.
Gjenom den kom dei inn i den store Segn-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>