- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
3

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

3

gjeve meg yver til, ikkje det brot eg ikkje kunde
ha vore mann for aa ha gjort. Lygn, tjuvskap,
ulivnad av alle slag, vald, draap — det er alt ting
som eg gjorde meg saka i, og vart for dette slett
ikkje aatfunnen; folk av mine jamlikar heldt meg
endaa for eit rett godt og skikkelegt menneskje.»

Det kom nok stunder, daa han liksom vakna
paa, tykte dette var eit stygt liv, og vilde snu;
men den «breie vegen» var so makleg, at det
vart aldri noko av det.

Samstundes med at han — i Krimkrigen —
var med og «slo folk i hel,» tok han til aa dikta.
«Berre av ovmod og faafengd,» seier han. I
høkerne sine «for han aat som i livet.» Det var «for
pengar og ros» han skreiv; altso maatte han tegja
ned det gode, dylja sin medhug med dette under
tilgjord likesæle elder fin spott, men lata det
vonde breia seg; for so vilde folk ha det. «Eg
fekk dette til,» seier han; — «eg vart rost.»

28 aar gamal kom han til St. Petersborg og inn
i bokmannsheimen. Her vart han storfagna, og so
«yverdengd med gjøling,» at han reint gløymde
sine aalvors tankar fraa yngre tid. Det kunde vei
koma eit hugsviv stundom, og heilt ut trygg kjende
han seg ikkje; men det fall lettare no aa døyva
uroi ned. Han tykte livet hans var kje so verst
lenger.

Med fin, men djup spott skriv han um det nye
livssynet han laga seg no, etter det han høyrde
for seg. Det var «utviklingi», «framgangen» han
med dei andre trudde paa. Og framgangen vart
halden uppe av tenkjarar og diktarar; diktaren var
lærar. Altso var Tolstoi sjølv ein av dei som
heldt framgangen uppe, ja ein av dei fremste lærarar.
Men at no ikkje det rimelege spursmaalet skulde
vakna: kva veit me, som me kan læra folket ? — so

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free