Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 6 —
Han tok til aa tvila paa vismennerne. Kven
veit, kanskje var det kje sant, at dei var visare
en mugen? Han tok til aa sjaa seg ikring. Han saag
paa folket, som gjekk der og stræva og sleit og
sakna og leid vondt. Det hadde ingen ting av
det som me kalla gildt elder hugnadsamt. Og
endaa levde det, og vilde leva. Det sette pris
paa livet. Um det kanskje i alt sitt einfelde hadde
ein visdom som me upplyste og alle vaare store
tenkjarar ikkje visste um? — Leo Tolstoi kom til det, at
naar han vilde spyrja um livsens meining, so burde
han ikkje gaa til dei som vilde gjera ende paa seg;
han burde gaa til dei som levde og fann at det
var verdt aa leva. Kan henda han der kudne
finna eit svar.
Han gjorde so. Og han fann, at det som
gjorde livet levande for aalmenn mann, det var
just det som me trudde var livets verste vaabøn
og tyngd: — arbeidet.
Det «simple» arbeidet. Arbeidet for maten.
Det arbeidet som i kav for tilværet skapar livet
og held uppe livet, med di det skapar livsvilkaari
for alle. Det arbeidet som gjev mat og klæde og
hus og hjelp til alle som treng, ikkje minst til oss
dagdrivarar av «upplyste», som gjeng her og vil
hengja oss, fordi me ikkje veit, kva me skal gjera
med livet vaart. Det arbeidet var det som gav
livet innhald og smak; som gjorde livet levande.
Denne tanken kom som ei redning for
Tolstoi. Muren millom honom og aalmenningen ramla,
og det var «som han skulde ha vunne seg ut or ein
myrk kjellar og fram i soli og dagen att, so han
paa nytt saag Guds grøne verd liggja opi
for seg.»
Men ikkje arbeidet aaleine kunde gjeva livet
den høgste og siste forklaaring. Ein annan ting
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>