Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— II —
— Han hadde funne ny smak i livet, og ei
meining i det, som gjorde det verdfullt og kjært.
Og alle livsspursmaal greidde seg no for han
so lett og endetil, at han berre maatte forundra
seg paa det.
Me skal her til sist i stutte drag samla Tolstoi’s
tankar um den rette maaten aa leva livet paa.
Han kallar det elles ikkje sine tankar; det er Jesu
lære, elder den sanne kristendom, han meiner
han hev funne fram att.
i. Me skal ikkje gjera det vonde Altso maa
kvart menneskje arbeida, so han føder seg sjølv.
Og ingen maa bruka meir en han treng; for daa
stel han og ifraa andre.
Det vonde (uretten imot andre, det aa bruka
annan manns arbeid) er framsynt i pengarne, som
altso er den kropsleggjorde synd. Den som brukar
pengar, brukar framandt arbeid, syndar. Di mindre
ein hev med pengar aa gjera, di betre er det daa.
Ikkje ein gong til aa hjelpa andre med skal ein
bruka pengar. Med vondt kan ein ikkje gjera
godt. Den, som fær pengar, fær smak paa aa
leva av framandt arbeid, vert utskjemd. Ein skal
skifta sin mat med dei fatige, skaffa dei klæde,
hus, jord, arbeid, um ein kan; men med pengar
fylgjer det alltid vondt; pengar er storkna
manneblod; det heng mord ved pengar.
Til det vonde me maa avleggja, høyrer og hat,
kiv, ovund og hemnsjuke. Me maa ingen
fornærma. Og vert me sjølve fornærma, maa me
ikkje «forsvara» oss, men bøta vondt med godt.
Av hemn, som i det heile av «motstand mot det
vonde», kjem berre meir vondt; men den, som
Leo Tolstoi. 2
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>