- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
24

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Kona hans var død for mange aar sidan, og
han sat att med ein liten triaarsgamal gut; denne
tok seg gildt upp, og Martin var useiande glad
i guten.

Men helder ikkje sonen sin fekk han ha lenge
hjaa seg; daa han hadde vorte saa stor, at han
kunne vera faren noko til hjelp, vart han sjuk, og
døydde ei vikes tid etter. Dette gjekk hardt inn
paa Martin. Han kjende seg so reint aaleine og
usæl og berre ynskte han maatte faa døy. Tenkte
han paa Gud, var det med harm, for alt det han
lèt han gaa igjenom; og han slutta reint aa gaa i
kyrkje.

Men ein dag kom det ein kjenning fraa landet
til Martin, ein gamal mann liksom han sjølv, og
som no i aatte aar hadde tent Gud med bøn og
faste. Dei hadde kje tala lenge saman fyrr
Martin tok til aa klaga si naud.

«Eg er so leid av livet,» sa han; «berre eg
kunne faa døy. Eg bed ikkje Gud um anna. Eg
hev ikkje noko aa liva for her i verdi.»

«Du hev urett i det,» tok venen til ords, «det
er ikkje vaar sak aa døma um kva Storemannen
hev tenkt med oss. Det gjeld ikkje um kva me
meiner, men kva Gud vil. Gud vilde, at sonen
din skulde døy, og du liva; altso er det best som
det er. Naar du er so fraa deg, so kjem det av
at du berre vil liva for aa ha glede av livet.»

«Ja, kva skulde ein elles liva for?» spurde
Martin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free