Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
sjølv: «Ein kunne gje han litegran varmt aa
drikka kanskje.»
Dermed la han sylen fraa seg, fekk temaskina
upp paa bordet og banka paa ruta med fingeren.
Stepànitsch snudde seg og kom burt til glaset.
Martin vinka til han og gjekk stad lèt upp døri.
«Kom ned og varm deg lite,» sa han; «du er
nok frosen, vil eg tru.» «Gud løne deg,» sa
Stepànitsch. «Ein vert gamal, og det verkjer i beini
paa ein ute i kulda.»
Stepànitsch trampar snøen av seg ute i gongi
og stig inn i stova. Det var knapt føterne vilde
bera han; men han turka væl av seg so han ikkje
skulde subba ut over golvet. «Bry deg aldri um
det,» sa Martin, «eg skal nok turka upp; me hev
det ikkje so fint her. Kom du og set deg ned
og faa deg litt te.»
Martin skjenkte i tvo koppar, gav gjesten den
eine og slog sitt ned i skaali. Teen var varm,
og han blès paa med’ han drakk. Daa
Stepànitsch hadde drukke sin te, sette han koppen fraa
seg med botnen i veret, og la resten av sukkeret
uppaa. Han takka for skjenken, men det var lett
aa sjaa at han hadde hug paa meir. «Drikk ein
drope til,» sa Martin og skjenkte koppen full ein
gong til.
Martin sit og godgjer seg med sin te, men
maa jamt glytta ut paa gata. «Ventar du nokon?»
spør gjesten. «Um eg ventar nokon? Ja, eg
skjemmest ved aa seia kven eg ventar. Igrunnen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>