Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
fæl og svart av bek. Paa denne maaten kom
baanet til ro og tok jamvæl til aa læ, so Martin
sjølv vart glad tilmode. Medan sat moderi og aat
og fortalde kven ho var, og kvar ho kom ifraa.
»Mannen min er soldat,« sa ho. »Han vart jaga
avstad med regimentet sitt for aatte maanader
sidan, og eg hev ikkje høyrt noko meir fraa han
heile tidi. Eg var kokkegjente; men daa eg fekk
dette vesle, vilde dei ikkje ha meg lenger. Det
er tridje maanaden eg gjeng og leitar etter arbeid,
men kan ikkje faa noko, og alt eg hadde hev
gjenge med. Eg tenkte eg skulde faa plass som
sôgemor; men ingen kan bruka meg. Eg er for
mager, seier dei. Eg hev no vore hjaa ei
kjøpmanskone; der bur bestemor, og dei hadde lova
aa ta meg der. Eg tenkte eg kunne faa koma
med det same. Men kona sa at eg skulde koma
att um ei vike. Og det er so langt ut til dei.
Eg hadde nær aldri naadt attende, so trøytt var
eg; og det vesle var og so reint forkome. Gud
løne vertinna som læt oss bu der paa sælebot.
Eg veit elles ikkje kor eg skulde halda livet uppe.«
Martin sukka, og spurde:
»Hev du daa ikkje eit varmt klædeplagg aa
ha paa deg?«
»Jau det var vei tarvi til aa klæ seg varmare.
Men kva skal eg gjera? Igaar panta eg burt
turklædet mitt for tjuge kopek.«
Kona gjekk burt til sengi og tok baanet
paa armen. Martin gav seg til aa rota millom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>