Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Kona tok pengarne og gjorde krossteikn for
seg. Martin krossa seg, han med, og fylgde so
kona ut.
Daa han var komen inn att og hadde fenge
ete litegrand kaalsupe, sette han seg til arbeids
burte ved glaset. Men stødt gløste han ut, og
kvar gong det myrkna for ruta, glytte han upp
for aa sjaa kven det var.
Millom dei som gjekk frammed, saag han
baade kjende og ukjende anlit, men ingen som det
var noko særs ved.
Best det var, fekk han auga paa ei gamal
torgkjering som gav seg til aa staa like utfor
glaset hans. Ho hadde ein spønesekk paa ryggen
og under armen eit trôg med nokre eple i som
ho ikkje hadde fenge seldt. Spønerne hadde ho
vel sanka ihop paa ei tuft einkvarstad, og no paa
heimvegen hadde ho vorte trøytt i den eine herdi,
og skulde skifta sekken over paa hi. Ho sette
trôget fraa seg paa ein liten stabbe som stod der,
og slapp sekken ned paa gata. Fyrr ho tok
sekken paa seg att vilde ho fyrst rista spønerne betre
saman; men med’ ho heldt paa med dette kom
der ein liten gut og kneip eit eple or trôget.
Skjelmen skulde nett til aa smetta seg burt daa
den gamle kona som godt hadde set han
braasnudde seg og treiv han i ermi. Guten prøvde aa
koma seg laus, men kona heldt han fast, slog huva
av han og tok han i luggen. Guten skreik og
kona skjende.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>