- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
45

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa eit skip som gjekk fraa Archangelsk til
Solofki*) var det millom alt ferdafolket ein bisp
fraa klosteret. Det var klaart ver, og daa dei
hadde medbør gjekk skipet lett over sjøen. Heile
dekket var fullt av ferdafolk. Sume sat halvsov,
andre aat, elder rødde saman.

Bispen som var komen ut av kahytta for aa
trekkja frisk luft, gjekk att og fram paa dekket.
Han vart vår ein bonde som sat i framstamnen
med ein heil flokk andre ikring seg og fortalde
eitkvart, medan han peikte med handi ut over havet.
Bispen stansa og saag dit mannen peikte, men
der var ikkje noko aa sjaa anna havet som laag
glima i soli. Han gjekk nærmare for aa høyra
kva det var bonden fortalde; men denne som
hadde fenge auga paa han, braatagna, og skunda
seg aa faa huva av seg; dei som stod ikring gjorde
slikslag, og bukka vyrdsamt for bispen.

*) eit kloster paa ei øy i Kvite-havet, vidgjeti for sine mange
helga-luter.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free