- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
54

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 54 —

havet. I desse tankar reiste han seg og gjekk
fram til styrmannen.

— Sjaa eingong gode ven! sa han. Kva
kan det vera ?

Men i det same saag han sjølv kva det var.
Det var dei tri gamle mennerne som vart borne
over havet, og det kvite som lyste var det lange
kvite skjegget deira. Dei var no nær ved skipet.

Styrmannen som hadde snudt seg, vart so
rædd at han slepte roret og ropte av full hals:

— Gud hjelpe oss! Dei gamle kjem etter oss
paa vatnet, plent som gjekk dei paa den turre jord!

Pilgrimarne som høyrde ropet, sprang upp
og atti bakstamnen paa skipet der dei kunne
sjaa gamlingarne som kom etter like i kylvatnet,
heldt kvarandre i Ilenderne og gjorde teikn til
skipet at det skulde stansa. Alle tri kom dei
over vatnet som paa den turre jord, endaa ingen
av dei rørde ein fot.

Folka hadde enno ikkje fenge tid til aa ta
segli ned, fyrr dei gamle alt var like ved
skipssida. Dei kom inn til rekkja, og daa dei fekk
auga paa bispen, ropte dei paa han:

— Du Guds mann! Me hev reint gløymt
det du lærde oss. So lenge me tok det uppatt
hugsa me det, men berre me stansa ei stund,
gløymde me det eine ordet, og so gjekk det heile
i surr. No minnest me ingen ting; lær oss det
aanyo.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free