Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Nianda koma
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 7 o —
Anisja. Men kor hev han kome paa dette
med giftarmaalet ?
Matrøyia. Jau, ser du. Du veit at veslesonen
er ein stor gjentefut, og ein vakker kar er det, det
maa ein seia. Naa, der han tente ved
jarnvegen, hadde arbeidarane teke ein foreldrelaus
taus-unge til kokkegjente. Ho rende no etter han fraa
morgon til kveld . . .
Anisja. Marinka?
Matrona. Nettupp, flogsi der ho er! No;
anten dei no hev havt noko med kvarandre elder
ei, nok er det, gamlingen hev fenge njosn um det.
Kven som kan ha sagt han det, veit eg ikkje.
Kanhende er det ho sjølv som hev tisa.
Anisja. Seie meg, den taska!
Matrona. No fekk min gamle tullemikkel
anvindt. «Guten maa gifta seg», sa han; «han
maa bøta det han hev brote. Lat oss strakst
taka han heim og sjaa og faa han gift», meinte
han. Eg tala med han so godt eg kunne; men
det hjelpte ingen ting. Godt, sa eg til meg sjølv,
so maa han takast paa ein annan bau. Slike
gamle narr skal altid ha det paa den maaten, fluga
mi. Fyrst leikar ein so smaatt og lest halda med
dei, men so snart det røyner paa, set ein trumf
ut og gjeng etter sitt eige hovud. Du kjenner nok
eventyret um kjeringi som dett ned av omnen og
hev tenkt over hundrad ting fyrr ho naar golvet,
— so kor skulde han kunne gissa seg til kva me
hev fyre? — «Godt min far», seier eg. «Det kan
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>