Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- ;6 -
Matrøna. Ja ser du, Peter Ignatisch, Far og
eg kjem ikkje rett til liks um den ting. Eg vil
fortelja deg so som det er, og so kan du sjølv
avgjera kven som hev rett. Far kjem stødt med
sitt, at sonen maa gifta seg. Men spør no ein
gong kven det er han vil gi han til kone. Var
det ei gjente som det sømde seg, so veit eg daa,
at eg ikkje vil mitt eiget baan vondt, so eg skulde
gaa han imot i dette stykke; men det er ei tøyte
som korkje hev ære elder skam i livet.
Akim. Nei, Matrøna, der misfer du deg. Det
er ingen ting paa gjenta aa seia. Slett ikkje. Det
er ei gjente som hev lide urett av sonen vaar, stor
urett hev ho lide.
Peter. Kva slags urett f
Akim. Jau, tingen er, det var med sonen
vaar at ho . . . Det var Nikita som . . . Det er
tingen.
Matrøna. Spar du helder paa talementet ditt
og lat meg fortelja. Ser du, Peter Ignatisch, fyrr
sonen kom til deg, gjekk han, som du veit, og
arbeidde ved jarnvegen. Her var det han vart
kjend med tausi, denne Marinka, som dei kallar
henne, ei simpel bondetøyte som gjekk og laga
mat aat arbeidsfolket. Ho liska seg inn med han,
og so kjem ho og seier at han hev narra henne.
Peter. Eg ser ikkje noko godt i det.
Matrøna. Sjølv duger ho til inkje. Ho renn
berre fraa den eine staden til hin. Rett ei tøyte 1
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>