- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
88

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Tolvte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 88 —

trudde at du vilde halda av meg! Men no
slepper du meg. Du hev ikkje bruk for meg meir.

Nikita. Det skil ikkje meg kva du der seier.
Det kjem ikkje saki ved. Det er du som hev
tuta far i øyro. Vil du no berre gaa din veg,
det bed eg deg um.

Marina. Du veit sjølv at eg aldri hev halde
av nokon annan en deg. Um du ikkje vilde gifta
deg med meg, skulde det ikkje ha saara meg.
Men eg hev ikkje forset meg imot deg det
aller-ringaste. Kvi bryr du deg so ikkje meir um
meg ? Kvi ?

Nikita. Kva nyttar det aa tala um det!
Gakk med deg. De kvinfolk skynar daa ingen
verdens ting.

Marina. Det er ikkje fanteferdi di som gjer
meg vondt; at du hev lova aa gifta deg med
meg og no gjeng fraa ditt ord; men at du hev
vorte like glad um meg. Og det som piner meg
allermest er, at du forlast meg for ei onnor si
skuld . . . Eg veit nok kven det er.

Nikita (gjeng burt til ho. Kvasst). Jau det skal
hjelpa aa tala med dykk kvinfolk. Det bit ikkje
vit paa dykk. Sj clcl clcl kom deg heri fraa, seier
eg. Elles gjeng det gale.

Marina. Korleis gale ? Vil du slaa meg
kanskje? Slaa vekk! — Kvi snur du deg burt?
Aa, Nikita!

Nikita. Nei det sømer seg ikkje. Der kan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free