- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
91

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 9i —

ikkje ut med kvar han hev pengarne. Nyleg var
han ute i nystova. Kanskje hev han dei der.
Eg kan ikkje skyna kvar han hev dei. Endaa
bra at han er so rædd for dei; so er dei daa
enno i huset. Det gjeld berre aa finna dei. Han
hadde dei ikkje paa seg igaar. Eg först end ikkje
kvar dei kan vera. Aa for ei plaage!

(Akulina kjem, og bind paa seg eit hoveplagg).

Anisja. Kvar skal du hen?

Akulina. Kvar eg skal hen? Han sender
meg etter fasyster. »Eg vil tala med syster mi«,
seier han, »for eg merkar at eg skal døy, og det
er noko eg maa ha sagt ho«.

Anisja (avsides). Han sender bod etter systeri
. . . Aa, eg arme menneskje! Det er for aa gi
ho pengarne. Kva skal eg daa gjera. Aa!
(til Akulina) Ver imak! Kvart vil du hen?

Akiilina. Etter fasyster.

Anisja. Ver imak, seier eg. Eg skal nok
henta ho. Du maa ned til elvi og vaska klæde;
elles vert du aldri ferdig til ikveld.

Akulina. Men han hev sagt at eg skal gaa.

Anisja. Vil du no gjera som eg seier, ditt
toskehovud! Du høyrer at eg skal henta fasystri.
Tak skjortorne med som heng der paa gjerdet.

Akulina. Skjortorne? Ein skal sjaa du gjeng
ikkje. Han sa . . .

Anisja. Hev eg sagt at eg gjeng, so gjeng
eg. Kvar er Anjutka?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free